24.11.08

Kveld i november

Jeg leste dette diktet i dag og får passe på å legge det ut mens det ennå er den rette måneden:

KVELD I NOVEMBER

Han sperrar loftet. Natti kjem med frost.
Eg fer med augo yver hagen, veit
det heng att eple i ein topp. Eg leit
på mildver enno; veden skal i kost,

og kålen takast upp og kulast, tre
skal plantast; og det burde vorte tid
til nybrot òg. No ser eg hausten lid
og marki frys og snøen kastar ned

midtlides, og eg veit eg rekk ikkje mitt.
Den epleslumpen fær eg berga, kor
som er, so er i minsto ei sut kvitt.

I vest er månesigden ute, stor
og haustkvass, gjerug med å berga sitt,
ei saknads solbunde åt ei myrk jord.


Fra På ørnetuva, 1961