9.10.08

Ferdaminne frå hausten 2008

vi tar ikkje alltid heisen
vi likar betre rulletrappa
for der er vi
jamnhøge
men den inderlege to-eininga
og kriblinga og boblinga
er den same
som hjå Halldis og Tarjei
eller var det Gisle
når du kjem til hovudstaden
skal eg ta deg med
til Nationaltheatret stasjon
og den lengste rulletrappa
eg veit om